Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har fått tilskotsmildar (3.000.000) frå Miljødirektoratet til å jobbe med marin forsøpling og iverksetje strandryddetiltak.

Me ønskjer å ha eit ekstra fokus på kystkommunane, då det er dei som får inn mest herrelaust marint avfall.

I den forbindelse har me fått til eit samarbeid med Averøy, Aure og Misund kommune, og me oppfordrar no skuleklassar, lag, foreningar og alle som vil bidra  til å vere med på strandrydding. Me ønskjer å gjennomføre ein aksjon som er koordinert og godt planlagt – slik at det er enkelt for folk å delta. 

rydde 5
Forsøpling av kysten og mikroplast har kommet på myndighetenes agenda etter hvalen som døde av å ha spist plast. ( Arkiv BN)

Friluftsrådet arrangerer derfor strandryddeaksjon i kommunane 17.-23.september (veke 38).

  • Friluftsrådet stiller med sekkar, hanskar og big-bags som kan hentast på kommunehuset gjennom veka.
  • Det blir satt opp containarar/hentepunkt rundt omkring i kommunen for avlevering av strandsøppel. (dette varierer frå kommune til kommune, men poenget er at folk skal sleppe å køyre med avfallet til miljøstasjonen sjølv)
  • Dersom lag ønskjer å rydde på utilgjengelege plassar kan Friluftsrådet arrangere uttransportering av avfall med båt. Me kjem til å nytte oss av den nyoppretta Skjærgårdstjenesten som blant anna har kran ombord og derfor er godt egna til dette formålet.
  • Ryddelag som deltar har mulighet til å tjene 75 kr per sekk med strandsøppel ved utfylling av rydderapport – øyremerka lag, forening eller anna godt formål
  •  
  • rydde li