Kulturhelga Havglimt vart første gong arrangert på Rangøya i april 2016, og responsen var overveldande. Suksessen vart gjentatt i 2018. Koronapoandemien sette ein brutal stoppar for det planlagte tredje arrangementet, men no kjem dugnadsgjengen sterkare tilbake. Den 25.-27. august gjentek Velforeninga Havglimt kulturløftet, og i år får den lokale og internasjonale kulturhelga også æra av å opne Framsnakkingsfestivalen i Averøy.

Gjennom Kulturhelga Havglimt 2023 tek arrangørane vare på og vidareutviklar kulturhelgkonseptet, alt med utgangspunkt i dei lokale kreftene frå Rangøy-området på Averøya. På programmet står utstillingar av alt grafikk og målarkunst til båtmodellar, fungerande båtmotorar, lokalhistorie og kystkultur, litteraturprogram med gjestar frå Noreg og Estland, lokalrelevant og eksotisk kino, kampsport, tradisjonsmat og aktivitetar for barn – alt med base kring Løa på Rangøya. Minifestivalen blir opna av ordførar Ingrid Rangønes fredag 25. august kl 17:30 og varer i to heile døgn.

einar r

Innslag fra 2016 på Rangøya