Naturvernforbundet
sterkt kritiske til kommuneplanen for Kristiansund
Kristiansund
kommune har hatt ute på høyring eit forslag til ny arealdel til kommuneplanen.
Naturvernforbundet er i si fråsegn frista til å ønskje folk velkomne til
naturasyl i andre kommunar om dei har interesse av å leve i kontakt med den
naturen mennesket som art trass alt er ein del av. Så får
entreprenørane, ingeniørane og pengetrillarane halde seg i bingen i Kristiansund
slik at dei kan øydelegge dette arealet heilt og fullstendig.
|
Av
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
|
02.10.2009
|
|
Øystein
Folden, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
|
|
|
|
Gjennomgåande
er det ei utfordring i arealdelen at det i mange av utbyggingsplanane er sagt at
konsekvensane for naturmiljøet er lite kjende og må utgreiast ytterlegare, men
først i samband med reguleringsplanarbeid. Dette er eit skummelt prinsipp, då
ein då lett kartlegg kor verdifull biologien som går tapt er. Dette som følgje
av at dei økonomiske konsekvensane av vern blir så mykje større etter at arealet
er omdisponert til utbyggingsområde. På den måten blir ikkje vernebehov omgjort
til vern av biologiske grunnar, men om det er mogleg for kommunen å legge pengar
nok på bordet til å halde areal unna utbygging. Og det er det jo sjeldan.
Frå 1.
juli 2009 kom det ein ny naturmangfoldlov med eit nytt krav: "Offentlige
beslutninger som berører naturmangfoldet skal så langt det er rimelig bygge på
vitenskapelig kunnskap om arters bestandssituasjon, naturtypers utbredelse og
økologiske tilstand, samt effekten av påvirkninger. Kravet til
kunnskapsgrunnlaget skal stå i et rimelig forhold til sakens karakter og risiko
for skade på naturmangfoldet." Naturvernforbundet meiner dette kravet må føre
til fornya vurdering av ei rekke område i Kristiansund før kommuneplanen blir
stadfesta.
Naturvernforbundet
har også kommentert ei rekke av dei konkrete utbyggingsprosjekta, for det er det
planen innehalder. Dette gjeld Skorpa, Sørholmen, Kvennbergmyran, Vestbase øst,
Jørihaugen, Husøya, Fugløya, Bolgneset, Daumannsdalen, Flatøya, Storbakken,
Storbakken øst samt Kvalvik/Storbukta - Havmyran/Rensvik -
Sandtjønna/Våttåbukte.
Gjennomgåande
etterlysar Naturvernforbundet også betre arealutnytting i Kristiansund. Den
tradisjonelle småbytilnærminga er at natur "kostar ingenting" og difor løyser
kommunen sitt ekspansjonsbehov ved nærast konsekvent å ta i bruk naturområde for
å vekse på. Det er tid for at ein i langt større grad reviderer areal som alt er
disponert, men blir lite bruka. Viss det er så viktig at alt skal bli til stål
og betong får ein gå høgare opp i høgda og dessutan fortette meir. Areal som alt
er i bruk til utbyggingsføremål, men i lite intensiv grad bør få reviderte
planar og betre utnytting.
Leiar
Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fleire kommentarar.
Han
kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.
|
|
|
Kommunen
har utarbeidet forslag til revidert utgave av kommuneplanens arealdel for
perioden 2009-2020. Plan- og bygningsrådet har i møte 4. juni 2009 vedtatt å
legge forslaget ut til offentlig høring. Kommuneplanens arealdel er en plan for
utnytting av arealene i hele kommunen fram til 2020. Planen er en oversiktsplan
som ikke fastlegger arealbruken i detalj, men den klargjør hvilke områder som
for eksempel skal brukes til bolig, nærings- og samferdselsformål, offentlige
bygg og anlegg, landbruks-, natur- og friluftsområder, store friområder,
akvakulturanlegg mv. Kommunen inviterer alle til å komme med innspill eller
merknader til planforslaget. Merknadene sendes Kristiansund kommune, Boks 178,
6501 Kristiansund. Fristen settes til 1. oktober
2009.
|
|
|